Aksel og Hans tronar på framsida, begge i jakke med glidlås. |
Det har vore ei utruleg flott år, dette skriveåret mitt. For første gong har eg vore forfattar på heiltid. Mykje jobb og ganske intenst før dei ulike fristane, men me kom i mål. Og eg seier "me", for det har vore mange involvert. Så mange har stilt opp som fotomodellar, med fotoassistanse og strikking -og eg er så takknemlig. Så har eg fått samarbeida med så mange flinke folk i Samlaget og i tilknytning til dei. Eg er veldig nøgd med resultatet. Synes boka er fin og at eg har fått med oppskrifter som eg håpar vil inspirere mange til å strikke meir til små og store nøstebarn.
Denne boka inneheld meir til vaksne og større born enn den første boka, men også gode babyoppskrifter. Alle dei om lag 40 oppskriftene er nye og har ikkje vore utgjeve før. Garnet er det same gode: merinoull, angoraull og silkeull frå Nøstebarn.
Philippa i hekla tunika. Oppskrifta finst både til barn og vaksne. |
Ny blogg
Eg freistar å starte som bloggar igjen. Eg koste meg veldig då eg starta og dreiv Nøsteblogg for Nøstebarn, men det er nesten 3 år sidan. Men eg finn vel ut av det etter kvart? Det vert nok ganske så impulsivt og lite strømlinjeforma. Målet er å gi inspirasjon til ulike ulike variasjonar av oppskriftene og så er det ein grei måte å yte hjelp på om nokon skulle trenge det. Så velkommen innom!
Eva og Hansemann i Fiskartrøye. Ein god skulegenser. |
Ny jobb
Og måndag startar eg i ny jobb også, så det er mykje som skjer. Gler meg til tida framover. Håpar alle Nøstebarnfans og strikkarar kan finne noko dei likar i boka. Me har planar om ein ørliten "turne" og lansering vert det også -i september. Meir informasjon kjem!
Men aller først skal eg springe 10 km i Sommerløpet i dag. Og her på palmekysten er det øsane regnver og vind i dag. Men det skremmer ikkje ein vestlending...