mandag 6. oktober 2014

Ein fin variant av Kvardagsjakke

Ei av dei enklaste oppskriftene i Strikk meir til nøstebarn er Kvardagsjakke. Det er ei jakke der du startar øvst i halsen og strikkar nedover, med raglanaukingar i staden for raglanfellingar. Dette er ei jakke som kan varierast i det uendelege med striper, fargar og dekor. Vil veldig gjerne vise denne varianten som svigermor har strikka i haust.




Jakka er strikka med 2 trådar av 2-tråds merinoull på pinne nr 4. Jakka på biletet er strikka i fargane Rose og Gammelrosa. Knappane er i tinn og er frå Nøstebarn. Eg synes det vart ein fin kombinasjon.

Her er jakka strikka med striper på ermane. Fargane er naturgrå på bærestykke og kantar og striper (6 omg) i fargane Kaki og Mose. Knappane er trekt i olastoff.


Og denne varianten er i farge Lyslilla med stjerner i dei nye fargane Mørk lilla og Sitrusgul. Store Perlemorsknappar i Lilla (Nøstebarn).

Eg har fått sansen for "topp-ned-strikking": Ingen montering og lett å regulere lengd på bol og ermar. Og så er det så lett å strikke på om kantane vert slitt eller ermane for korte? Men litt tyngre å strikke ermar når "resten" av plagget heng på? Glad om andre vil dele si erfaring!

søndag 5. oktober 2014

Haust = Strikketid

Denne helga har eg hatt ekstra mykje tid for meg sjølv. Synes eg har nytta tida godt til både kafe, fjelltur, men det som kjendes som aller mest luksus var å sitje i timesvis lørdag og høyre lydbok og strikke. Dette var ein av favorittaktivitetane før eg fekk barn, men no finn eg sjelden roen.

Kan veldig anbefale boka eg høyrer på: Innsirkling av Carl Frode Tiller. Har høyrt dei før, men høyrer dei på nytt før eg skal gyve laus på den etterlengta siste boka i triologien.
Eg strikkar på Jakke med sjalskrage frå Strikk meir til nøstebarn. Jakka er til ei god venninne og er bestilt i fargen Naturgrå. Oppskrifta er i 2-tråds merinoull, men er strikka på pinne nr 3,5 så då går det raskt unna. Jakka er så deilig både inne og ute under ytterjakka. Ho er tynn og lett, men varm og god og hive på seg. Mi favorittjakke.

Slik blir jakka når ho er ferdig. Her strikka i den deilige blåfargen Blåbær. (Foto: Tove Breistein)

søndag 14. september 2014

Heilt fantastisk og heilt forferdeleg...

Onsdag 10. september var det lansering av boka mi i Kristiansand. Eg var veldig spent på førehand om det i heile tatt kom nokon. Folk er så travle. Kven har tid til å gjere noko heilt anna ein onsdag kl 19? Det er lurt å ta sorgene på forskudd, for viss ikkje kan ein faktisk risikere å gå glipp av dei.

Mi gode venninne Inger hadde pynta så fint. Temaet var strikk og haust. På blada hadde ho skrive strikkomgrep og fine ord.
Me hadde tinga kjellaren på Hos naboen i Markens og det viste seg å vere midt i blinken.  Det kom mange og eg vart overvelda at det både kom kjende og ukjende. Kom gjorde også Nøstemor Jannecke Riisøen og ho fortalte litt om ullgarnet til Nøstebarn. Eg fekk turtrøyer og longs og det er fordi ho veit at dette er mine favorittplagg på treningstur.
 
Jannecke snakka om ull og var sjølvsagt kledd i ull.
 Frå Samlaget kom min fagredaktør Cecilie og sals- og marknadsjef Siri.  Dei hadde med blomar og sa så mykje fint, som eg burde tatt opp og høyrt på dagar eg ikkje er så ”oppe-sen”. Dei hadde med Strikk til nøstebarn som var kome rykande fersk frå trykkeriet i pocket. Det er 6. opplag!

Spesielt å sjå Strikk til nøstebarn i pocket. Prisen på denne vert 199,-
Eg våga meg og å sei nokre ord. Fortalte litt om prosessen og gjekk særleg inn på utfordingane. Kanskje rart å fokusere på problema ein slik kveld, men eg trur at det er nettopp i det vanskelege spennande ting skjer. Det kjennes ikkje slik når ein held på, men i etterkant ser eg det heilt klart.

Ingebjørg og Mina gav alle som kom eit lodd og så hadde me trekning av bøker og garn på slutten av kvelden.

Eg prata litt om at det å lage og gi ut bok er heilt fantastisk og heilt forderdeleg. Fantastisk å kome i mål, få tilbakemeldingar, høyre folk er i gong med å strikke og sjå boka ligge i bokhandelen. Heilt forferdeleg fordi eg er så redd for at det skal vere fatale feil, at ikkje boka skal felle i smak og at nokon i det heile tatt skal meine noko om mi bok og mine design. Skummelt.
Så hadde eg med litt strikkeinspirasjon og fortalde litt om bakgrunnen for nokre av modellane. Kufta frå Sunnhordland hadde eg med i to nye versjonar og dei skal de snart få sjå på innlegg her på bloggen.
 
Her ligg eg mellom Arne & Carlos og Skappel.

Akkurat no kjennes det godt. Takknemleg for alle som kom og for at kvelden vart så fin. Mange har sendt meg fine ord og boka har seldt så godt at nytt opplag er allerede på veg. 
Så dagen derpå gjekk eg gjennom alle feil eg og andre har funne, og sendte korrektur til Samlaget. (Ja det er forferdeleg med feil, men det er visst ikkje mulig å lage strikkebok uten ?) Men tenk at boka kjem i 2.opplag. 10 000 trykte eksemplar.  DET er heilt fantastisk.

Sjå fana som ligg øvst her på bloggen: Rettingar. Her kjem eg til å oppdatere etter kvart når/dersom det dukkar opp fleire feil.





Ønsker dykk alle ei fin strikkveke. Eg held på med hekla tunika. Nokon andre som vil dele kva dei har på pinnane/heklekroken?

lørdag 9. august 2014

Strikk meir til nøstebarn -NY BOK

Så er boka klar!

Aksel og Hans tronar på framsida, begge i jakke med glidlås. 

Det har vore ei utruleg flott år, dette skriveåret mitt. For første gong har eg vore forfattar på heiltid. Mykje jobb og ganske intenst før dei ulike fristane, men me kom i mål. Og eg seier "me", for det har vore mange involvert. Så mange har stilt opp som fotomodellar, med fotoassistanse og strikking  -og eg er så takknemlig. Så har eg fått samarbeida med så mange flinke folk i Samlaget og i tilknytning til dei. Eg er veldig nøgd med resultatet. Synes boka er fin og at eg har fått med oppskrifter som eg håpar vil inspirere mange til å strikke meir til små og store nøstebarn.

Denne boka inneheld meir til vaksne og større born enn den første boka, men også gode babyoppskrifter. Alle dei om lag 40 oppskriftene er nye og har ikkje vore utgjeve før. Garnet er det same gode: merinoull, angoraull og silkeull frå Nøstebarn.

Philippa i hekla tunika. Oppskrifta finst både til barn og vaksne.

Ny blogg
Eg freistar å starte som bloggar igjen. Eg koste meg veldig då eg starta og dreiv Nøsteblogg for Nøstebarn, men det er nesten 3 år sidan. Men eg finn vel ut av det etter kvart? Det vert nok ganske så impulsivt og lite strømlinjeforma. Målet er å gi inspirasjon til ulike ulike variasjonar av oppskriftene og så er det ein grei måte å yte hjelp på om nokon skulle trenge det. Så velkommen innom!

Eva og Hansemann i Fiskartrøye. Ein god skulegenser.

Ny jobb
Og måndag startar eg i ny jobb også, så det er mykje som skjer. Gler meg til tida framover. Håpar alle Nøstebarnfans og strikkarar kan finne noko dei likar i boka. Me har planar om ein ørliten "turne" og lansering vert det også  -i september. Meir informasjon kjem!

Men aller først skal eg springe 10 km i Sommerløpet i dag. Og her på palmekysten er det øsane regnver og vind i dag.  Men det skremmer ikkje ein vestlending...