Denne helga har eg hatt ekstra mykje tid for meg sjølv. Synes eg har nytta tida godt til både kafe, fjelltur, men det som kjendes som aller mest luksus var å sitje i timesvis lørdag og høyre lydbok og strikke. Dette var ein av favorittaktivitetane før eg fekk barn, men no finn eg sjelden roen.
|
Kan veldig anbefale boka eg høyrer på: Innsirkling av Carl Frode Tiller. Har høyrt dei før, men høyrer dei på nytt før eg skal gyve laus på den etterlengta siste boka i triologien. |
Eg strikkar på Jakke med sjalskrage frå Strikk meir til nøstebarn. Jakka er til ei god venninne og er bestilt i fargen Naturgrå. Oppskrifta er i 2-tråds merinoull, men er strikka på pinne nr 3,5 så då går det raskt unna. Jakka er så deilig både inne og ute under ytterjakka. Ho er tynn og lett, men varm og god og hive på seg. Mi favorittjakke.
|
Slik blir jakka når ho er ferdig. Her strikka i den deilige blåfargen Blåbær. (Foto: Tove Breistein) |
Den ser deilig ut; vurderer sterkt om jeg "må" ha ei slik jakke :-)
SvarSlett