mandag 6. oktober 2014

Ein fin variant av Kvardagsjakke

Ei av dei enklaste oppskriftene i Strikk meir til nøstebarn er Kvardagsjakke. Det er ei jakke der du startar øvst i halsen og strikkar nedover, med raglanaukingar i staden for raglanfellingar. Dette er ei jakke som kan varierast i det uendelege med striper, fargar og dekor. Vil veldig gjerne vise denne varianten som svigermor har strikka i haust.




Jakka er strikka med 2 trådar av 2-tråds merinoull på pinne nr 4. Jakka på biletet er strikka i fargane Rose og Gammelrosa. Knappane er i tinn og er frå Nøstebarn. Eg synes det vart ein fin kombinasjon.

Her er jakka strikka med striper på ermane. Fargane er naturgrå på bærestykke og kantar og striper (6 omg) i fargane Kaki og Mose. Knappane er trekt i olastoff.


Og denne varianten er i farge Lyslilla med stjerner i dei nye fargane Mørk lilla og Sitrusgul. Store Perlemorsknappar i Lilla (Nøstebarn).

Eg har fått sansen for "topp-ned-strikking": Ingen montering og lett å regulere lengd på bol og ermar. Og så er det så lett å strikke på om kantane vert slitt eller ermane for korte? Men litt tyngre å strikke ermar når "resten" av plagget heng på? Glad om andre vil dele si erfaring!

søndag 5. oktober 2014

Haust = Strikketid

Denne helga har eg hatt ekstra mykje tid for meg sjølv. Synes eg har nytta tida godt til både kafe, fjelltur, men det som kjendes som aller mest luksus var å sitje i timesvis lørdag og høyre lydbok og strikke. Dette var ein av favorittaktivitetane før eg fekk barn, men no finn eg sjelden roen.

Kan veldig anbefale boka eg høyrer på: Innsirkling av Carl Frode Tiller. Har høyrt dei før, men høyrer dei på nytt før eg skal gyve laus på den etterlengta siste boka i triologien.
Eg strikkar på Jakke med sjalskrage frå Strikk meir til nøstebarn. Jakka er til ei god venninne og er bestilt i fargen Naturgrå. Oppskrifta er i 2-tråds merinoull, men er strikka på pinne nr 3,5 så då går det raskt unna. Jakka er så deilig både inne og ute under ytterjakka. Ho er tynn og lett, men varm og god og hive på seg. Mi favorittjakke.

Slik blir jakka når ho er ferdig. Her strikka i den deilige blåfargen Blåbær. (Foto: Tove Breistein)