Ei av dei enklaste oppskriftene i Strikk meir til nøstebarn er Kvardagsjakke. Det er ei jakke der du startar øvst i halsen og strikkar nedover, med raglanaukingar i staden for raglanfellingar. Dette er ei jakke som kan varierast i det uendelege med striper, fargar og dekor. Vil veldig gjerne vise denne varianten som svigermor har strikka i haust.
Jakka er strikka med 2 trådar av 2-tråds merinoull på pinne nr 4. Jakka på biletet er strikka i fargane Rose og Gammelrosa. Knappane er i tinn og er frå Nøstebarn. Eg synes det vart ein fin kombinasjon.
Her er jakka strikka med striper på ermane. Fargane er naturgrå på bærestykke og kantar og striper (6 omg) i fargane Kaki og Mose. Knappane er trekt i olastoff.
Og denne varianten er i farge Lyslilla med stjerner i dei nye fargane Mørk lilla og Sitrusgul. Store Perlemorsknappar i Lilla (Nøstebarn).
Eg har fått sansen for "topp-ned-strikking": Ingen montering og lett å regulere lengd på bol og ermar. Og så er det så lett å strikke på om kantane vert slitt eller ermane for korte? Men litt tyngre å strikke ermar når "resten" av plagget heng på? Glad om andre vil dele si erfaring!