Heilt fantastisk og heilt forferdeleg...
Onsdag
10. september var det lansering av boka mi i Kristiansand. Eg var
veldig spent på førehand om det i heile tatt kom nokon. Folk er så travle. Kven
har tid til å gjere noko heilt anna ein onsdag kl 19? Det er lurt å ta sorgene
på forskudd, for viss ikkje kan ein faktisk risikere å gå glipp av dei.
Mi gode venninne Inger hadde pynta så fint. Temaet var strikk og haust. På blada hadde ho skrive strikkomgrep og fine ord. |
Me hadde
tinga kjellaren på Hos naboen i Markens og det viste seg å vere midt i blinken. Det kom mange og eg vart overvelda at det både kom kjende
og ukjende. Kom gjorde også Nøstemor Jannecke Riisøen og ho fortalte litt om
ullgarnet til Nøstebarn. Eg fekk turtrøyer og longs og det er fordi ho veit at dette er mine favorittplagg på treningstur.
Frå Samlaget kom min fagredaktør Cecilie og sals- og marknadsjef Siri. Dei hadde med blomar og sa så mykje fint, som eg burde
tatt opp og høyrt på dagar eg ikkje er så ”oppe-sen”. Dei hadde med Strikk til
nøstebarn som var kome rykande fersk frå trykkeriet i pocket. Det er 6. opplag!
Eg våga meg og å sei nokre ord. Fortalte litt om prosessen og gjekk særleg inn på utfordingane. Kanskje rart å fokusere på problema ein slik kveld, men eg trur at det er nettopp i det vanskelege spennande ting skjer. Det kjennes ikkje slik når ein held på, men i etterkant ser eg det heilt klart.
Ingebjørg og Mina gav alle som kom eit lodd og så hadde me trekning av bøker og garn på slutten av kvelden. |
Eg prata litt om at det å lage og gi ut bok er heilt fantastisk og heilt forderdeleg. Fantastisk å kome i mål, få tilbakemeldingar, høyre folk er i gong med å strikke og sjå boka ligge i bokhandelen. Heilt forferdeleg fordi eg er så redd for at det skal vere fatale feil, at ikkje boka skal felle i smak og at nokon i det heile tatt skal meine noko om mi bok og mine design. Skummelt.
Så hadde eg med litt strikkeinspirasjon og fortalde litt om bakgrunnen for nokre av modellane. Kufta frå Sunnhordland hadde eg med i to nye versjonar og dei skal de snart få sjå på innlegg her på bloggen.
Akkurat no kjennes det godt. Takknemleg for alle som kom og for at kvelden vart så fin. Mange har sendt meg fine ord og boka har seldt så godt at nytt opplag er allerede på veg.
Så dagen derpå gjekk eg gjennom alle feil eg og andre har funne, og sendte korrektur til Samlaget. (Ja det er forferdeleg med feil, men det er visst ikkje mulig å lage strikkebok uten ?) Men tenk at boka kjem i 2.opplag. 10 000 trykte eksemplar. DET er heilt fantastisk.
Sjå fana som ligg øvst her på bloggen: Rettingar. Her kjem eg til å oppdatere etter kvart når/dersom det dukkar opp fleire feil.
Ønsker dykk alle ei fin strikkveke. Eg held på med hekla tunika. Nokon andre som vil dele kva dei har på pinnane/heklekroken?